Atle ZX9R wrote:Lyspærer har ingen startstrøm, det er rein ohmsk belastning.
Grunnen til at resten av lyset blinkar er pga at batteriet ikkje er ei god nok strømforsyning til å klare å levere nok strøm på kort tid.
Ein kald glødetråd (lyspære av) har ganske lav motstand.
Ein oppvarma glødetråd (lyspære tent) har noko høgare motstand.
Vert kanskje noko feil å kalle det oppstartsstraum, sidan det ikkje er nokon motor, men likevel.
Akkurat når ein slår på lyset, trekkjer dette meir enn dei oppgjevne 55 wattene.
Nøyaktig kor mykje meir veit eg ikkje, men iallefall nok til at eg ville hatt ein sikring på minst 15 ampere.
At det er ein sikring per hovedlys framme på bil har nok praktiske grunnar.
Ryk ein sikring, har ein fortsatt lys på den andre sida, pluss at ein fortsatt kan bruke den andre pæra/glødetråden i samme lykta/pæra.
Sikringane kunne nok vore på 7,5 ampere, men 10 ampere er meir standard enn 7,5 ampere (vil eg tru), og enklare å oppdriva.