Uansett så er eg vorte heilt forelska i XJ900. Særleg 80-talsmodellane. Og endå meir særleg med desse fargane: http://www.finn.no/finn/mc/object?finnk ... .svl=Bilde.
Det eg då er ute etter er litt erfaringar. Har høyrt at dei ikkje er så lettkøyrde, særleg i god fart. Det er ikkje så viktig for meg, trur eg iallfall (og ikkje fordi eg trur eg er så flink å køyre...). Elles så var det morosamt å lese ein av dei få kommentarane eg fann her på forumet. Nemleg at den har utrsåling som eit Zanussi-kjøleskap

Eg kjem til å få med meg ein motorsykkelkyndig dersom/når eit kjøp vert aktuelt, men kva er det eg spesielt må vera oppmerksom på når det gjeld ein såpass gammal sykkel? Er det ein direkte ukomfortabel sykkel, eller fantastisk komfortabel? Har nesten ikkje lyst å vite det dersom den er veldig ukomfortabel... Vil ikkje gje opp draumesykkelen. All erfaring vert teke imot med stor interesse.