På grunnkurs bygg og anlegg var me borti mykje rart; muring, flising, armering, forskaling, tømrer og terrengarbeid.
Var egentlig ikkje i tvil til ka eg skulle gå videre når eg begynte på skulen, og var endå meir bestemt etter GK.
Me driv no på og restaurerer eit hus (Eg og 3 andre). Det me har gjort til no er å skifte kledning, isolasjon og vindauger ute. Inne var det berre ein rå murkjeller. Så der har me no satt opp vegger, lekta ned og retta opp tak, isolert tak og yttervegger og lagt panel i taket. I morgo skal me begynne å plate innervegger.
Synest det er ekstremt morro når det er eit lite lag som jobber i sammen, der folk kjenner kvar andre godt. Går unna då.
Der me driv på no er både super og litt kjip på mange måter. Det er jo eit gammelt hus, som byr på mange utfordringer. Allt er ut av lodd og vater i hytt og helvette, so alt må rettes opp og lektes ned for å bli beint og fint. Hadde nok gått mykje fortere om me hadde begynt å bygge eit nytt hus fra starten av, men det gjorde me i fjor ( garasje ). på VK1 har me berre hatt restaurering og inredning.
Angrer ikkje på valget i det heile, og gleder meg til å begynne i lære og sleppe all den teorien. Me er jo berre ute å jobber to dager i veka. Resten av dagene sitter me inne på den sure skulebenken og høyrer trekspel i norsktimene og leiker topp trente befaler i gym timene.
Har ingen jobb i tilleg til skule, men eg ser det begynner å minke på bruks kontoen no, so er vell på tide.
