Rett turtal?
Posted: 28 Jul 2015 11:25
God morgon!
Eg ville høyre litt om kva turtal det er meiningsfullt å køyre på.
I helga skifta eg kjede og drev for fyrste gong og oppdaga at tidlegare eigar har hatt på færre tenner på bakdrevet enn det som er spesifisert i manualen, noko som skulle tyde at eg får mindre akselerasjon og høgare toppfart. No har eg skifta til eit drev som passar spesifikasjonane, og erfaringa frå køyringa er at sykkelen trekk ganske mykje betre, det kjennast meir komfortabelt og "balansert" å køyre, og eg merkar at sykkelen fint kan trekke på mykje lågare turtal enn det den kunne før. Til gjengjeld må eg bruke høgaste gir allereie i 60 km/t, noko som kjennast rart. Eg køyrer 750 kubikk.
Altså: På sykkelen min kan eg fint køyre rundt i byen på rundt med eit turtal 2000-2500, medan eg køyrer rundt 3000 i 60 km/t på øvste giret. Korleis høyrest det ut? Kva har andre i 30 60 og 80 km/t? Eg uroar meg for at turtalet vil bli veldig, veldig høgt på motorvegen, at eg ikkje har fleire gir å gå på og at sykkelen vil sluke bensin. Samstundes ser eg på nett at mange snakkar om å liggje i 5-6-7000... Tankar?
Edit: Eg kan leggje til at med 18/43 drev får eg ei ulikning på 2,388, ifølgje handboka.