Då var endelig ventinga over!Har i lengre tid vore på utkikk etter ein verdig etterfølgar til min FJ1200 som vart solgt i vinter. Det var tidleg to syklar som fanga mi interesse, ZZR1100 og CBR 1100. Etterkvart halla eg mest over på zzr`en og gjennom ein bekjent i Wales som har spesialisert seg på kjøp/salg av Kawasaki vart det diskutert ulike muligheter for å få sendt over ein zzr til Norge. Eg hadde i utgangspunktet ikkje tenkt å kjøpe eldre sykkel enn 10 år og hadde so og sei bestemt meg for ein fin 2001 mod då det dukka opp ein -93 mod D1 i ganske unik stand. Denne sykkelen hadde ei litt spesiell historie då den vart kjøpt ny av ein kar som skulle kjøre europa rundt, noko han gjorde sommaren -93. Etter denne turen stod sykkelen parkert til -99 då det på ny vart tatt ein rundttur på kontinentet. Etter dette hadde sykkelen stått i garasjen til eigaren. På grunn av dette hadde sykkelen ein meget hyggelig km-stand på 12200km (7600 miles).Saken var avgjort, det vart handel og ein liten slant med pund bytta eigar.
Sist mandag var det klart for den store dagen. Reiste til Bergen for å hente sykkelen på lagaret til DFDS (må skryte av den utruleg gode servicen der!) der den hadde blitt plasert etter å ha komme over fjorden fra Newcastle. Desverre vart det ikkje tid til noko anna enn å laste den på hengaren å kjøre den heim før eg måtte reise vekk på jobb.
So i morgo blir det ut å nyte vårsola, vaske sykkel og få litt vind i håret igjen
