Har ikkje tatt sertifikatet på tung endå, men er veldig gira
Har kika mykje på marknaden, og lest masse testar/reviews frå norske og engelske sider. Er ikkje ute etter cruiser eller R-sykkel, men noko midt i mellom (sportstouring?). Mine behov til ein sykkel er at den skal vere god å kjøre på langtur og kort-tur, vere rimeleg å forsikre og sikker!
Har sett meg ut fire modellar, i prioritert rekkjefølgje (per dags dato):
1. Suzuki GSX 650F
2. Aprilia shiver 750
3. Triumph Street Triple 675
4. Kawasaki Z750
Så, da vil eg gjerne ha innspel på kva sykkel de trur kan passe ein nybyrjar best, og ellers erfaringar og andre tips til sykkelval.
Håpar på svar!
